|
Denne talen må ikke kopieres, helt eller delvis, uten avtale med forfatteren. Det er i strid med Åndsverkloven om opphavsrett, og vil bli påtalt. Tale
ved bautaen over motstandsmannen Olaf Moen, Lisleherad
–
60 års minne 8.mai 2004
av
Svein Vetle Trae, ”Olaf
Moen, fabrikkarbeider, Notodden, Telemark, født 13.05.1910, arrestert
19.05.1944, overført Victoria Terasse, henrettet 22.05.1944”. Dette er den korte
teksten som står i boka ”Nordmenn i fangenskap 1940-45”. Men kven var Olaf Moen,
kva var det han sto for og kvifor blei han henretta ? Det er desse spørsmåla
eg skal gje svar på her. Da tyskarane okkuperte
Norge i april- og maidagane 1940, var dei snare til å hevde at dei kom
som vener som skulle forsvare oss mot England. Dei fleste nordmenn
gjennomskua denne løgna. Tyskarane blanda seg meir og meir inn i
styringa av landet, kom med fleire og fleire restriksjonar, påbod og
forbod, og sensur. Saman med tilhengarane sine i Nasjonal Samling prøvde
tyskarane å nazifisere heile det norske samfunnet. Etterkvart blei
razziar, fengsel og tortur det store trugsmålet for dei som ikkje ville
følgje dei nye herrane. Men normenn lot seg
ikkje knekkje. Alt medan kampane raste i aprildagane 1940, bygde det seg
opp ei motstandsvilje i det norske folk. Den norske heimefrontens kamp
mot den tyske okkupasjonsmakta og lokale nazistar utvikla seg etterkvart
frå ei enkel, passiv motstandsform til å begynne med, til ei skånsellaus,
aktiv form etterkvart som frontane hardne til. Under krigen blei det
norske folk idelogisk sett delt i to: Den eine sida ville vera tru mot
Konge, Regjering og demokratiet, og såg på den tyske okkupasjonen som
eit brotsverk mot det norske folk. Den andre sida såg på tyskarane som
Europas befriarar som skulle redde oss frå bolsjevismen (dvs. den
russiske kommunismen) og britisk invasjon. Nazistane meinte at folket
dvs. nasjonen betydde meir enn kvart enkelt individ. Jamvel staten
skulle vera underordna nasjonen. Teoriar om ”den
nordiske rase” blei hevda med djevelsk fanatisme. Nasjonal Samling bygde
opp avdelingar rundt seg etter militært mønster: Rikshird, Førerens
Garde, Hirdmarine, Flykorpset, NSK, Kvinnehird, Gjentehird, Guttehird,
Unghird, Unghird Marine og Germanske SS Norge. Fleire av desse
organisasjonane hadde medlemmar også her på Notodden. Olaf Moen fra
Lisleherad var 34 år i maidagane for 60-år sidan. Han hadde sitt
daglege arbeid på Kunstsilkefabrikken (KUFA) eller ”Silken” som det
heiter i daglegtale, og hadde vori nestformann i fagforeninga sidan
1942. Han var med i Milorg og
Kyrkjefronten i Lisleherad. I 1944 gjekk han rundt å advara ungdom mot
AT dvs. tysk arbeidsteneste. ”Justisminister” Riisnes hadde planer
om mobilisering av norsk ungdom til innsats på Austfronten. I fyrste
omgang var det tale om fem årsklasser (18-23 år). Parolen frå
Heimfronten til ungdommen var at registrering i AT var det samme som
forræderi! Resultatet av Moen og
andre motstandsfolks arbeid var at ingen ungdom frå Notodden meldte seg
til AT i mai 1944, dei fleste rømte til skogs og blei med i
motstandsarbeidet som jegarar og kurerar. Olaf Moen valgte side
og var rak i ryggen sjølv om han visste om at det fanst
angjevarar i lokalsamfunnet. Han kjente til at lektor Vindenes
var angitt av ei gymnasjente med ivrige naziforeldre, at
arbeidskameraten Enerstad var arrestert etter å ha blitt angitt for to
haglegeværer til jakt som han hadde oppbevart i golvet på hytta. Han
visste at Milorg-leiarane Andreas Pedersen og Ottar Haugland og ei rekke
andre gode nordmenn i Notodden og omegn var angitt og arresterte av
Gestapo, deriblant motstandskvinnene Alvhild Jørgensen og Liv Gohli.
Han visste også at sønn til NS-ordførar og direktør ved
Kunstsilkefabrikken, Bergsvik, hadde starta naziforening på Notodden før
krigen og var med i Germanske SS Norge, og at ein lokal politimann
på Svælgfoss rapporterte illegal virksomhet
til den tyske ortskommendanten på Skoland, hauptmann Lierheimer. Olaf Moen hadde lest
”kunngjøringa” som Die
Reichskommisar fur die besezten norwegischen Gebiete, Joseph Terboven,
kom med 23. mars 1941. Den var slått opp på
tavla i Storgata. ”Dømt til døden” blir den som driver med
illegalt arbeid sto det på plakaten. Gjennom ”Dødstraff-forordningen”
av 12. oktober 1942 blei straffa for motstandsarbeid ytterlegare
skjerpa. Sjølv om Olaf Moen
visste alt dette, holdt han fram med motstandsarbeidet sitt. I
motsetning til dei som gjekk inn i NS eller av feighet holdt seg heilt
passive til nazifiseringa av landet, hadde Olaf Moen klare haldningar,
og han bøygde seg ikkje for nazistanes terror og trugsmål.
Klokka 5.00 natt til
19. mai 1944 stoppa ein tysk militærbil anført av ein lokal angjevar,
utanfor heimen til Olaf Moen i Lisleherad. Brørne Olaf og Arnfinn Moen
blei brutalt revne ut av huset (dei kalla det ”Kåken”) og lenka
saman. I nabolaget blei også Hans Dahle arrestert av Gestapo. Både
Olaf og Hans var lagførar i Milorg. Ferda gjekk til Victoria Terasse i
Oslo, der avhør og tortur venta. Ingen av dei sprakk. Men for å
statuere eit eksempel blei Olaf Moen skoten ved Enebakkveien 22. mai
1944 etter å ha blitt ”dømt” av ein særdomstol fordi han hadde
formidla nyheter og motarbeida arbeidstenesta. Olaf Moen blei berre 34
år gamal. Hendinga gjekk hardt
inn på gode nordmenn, ikkje minst her i Notodden-distriktet. Diktaren
Olav J. Skogen var ein nær ven av Olaf Moen, og skreiv
eit sterkt og gripande dikt som skildrar ein familie som blir råka
av razzia. … Det som mange her ikkje
veit er at mordet på Olaf Moen førte til ein hevnaksjon frå
Heimefronten allereide 24.mai 1944. Klokka 08.20 blei tyskaranes løpegutt
politiinspektør og major i Statspolitiet, Gunnar Lindvig, mannen som
hadde leda ”særdomstolen” i Moen-saka, skutt ved Langaardsgate i
Oslo. På brystet til den forhatte fanatisk nazisten blei det funne ein
lapp med teksten ”Til hevn for Moen”. Heimefrontens signaliserte at
nazistanes framgangsmåte ikkje ville bli tålt, og sendte seinare ut ei
parole til overivrige nazipolitimenn at dei måtte vera forberedt på
samme skjebne som Lindvig, dersom dei anga motstandsfolk. Erfaringa frå krigen
1940-45 har lært oss at fred og fridom kjem ikkje reikande på ei fjøl.
Norge var heilt uforberedt 9.april 1940 da verdas sterkaste krigsmakt,
Tyskland, gjekk til åtak. Historia lærer oss at
det har vore ein kamp på liv og død for å taka vare på demokrati,
ytringsfrihet, likeverd og kameratskap. Ei demokratisk styreform er
grunnlaget for ei samfunnsutvikling med rett til utdanning og arbeid,
helsestell, natur- og miljøvern, hus og heim, og ei innhaldsrik fritid.
Goder som vi i dag tek som heilt sjølvsagte. Da Stortinget i 1946
bestemte å opprette Heimevernet
var det for å ha ein militær styrke i lokalsamfunna som på
kort varsel kunne rykke ut i fred, krise og krig. Heimevernet skulle også
hjelpe til ved leiteaksjonar, flaum og skogbrannar. Heimevernet blei i
likhet med Milorg bygd opp av lokale folk med forankring på grasrota.
”Heimevernet overalt, alltid !” – har vori slagordet. Som leiar av Notodden
og Hjartdal Heimevernsområde er eg stolt over å kunne føre vidare dei
ideala og haldningane som Olaf Moen sto for. Også i dag må vi vera på
vakt mot nynazisme, terror og vold. I djup respekt
minnast vi i dag Olaf Moens
innsats under krigen for eit fritt Norge!
|