LO | LO-aktuelt | LO-nytt | Surfebrettet | Nettguide Notodden  | Notodden kommune | Hjartdal kommune

 


< Til hovedsida  
< Til 1. mai 2002 samleside 
 

 

1.mai Notodden 2002

Oddrun Remviks tale

Oddrun Remvik er forbundsleiar i Fellesorganisasjonen for barnevernpedagogar, sosionomar og vernepleiarar


Kameratar, solidariske vener av det palestinske folk

Israel har den siste tida lagt an ein storoffensiv for å utradere det palestinske folk under dekke av å skulle kjempe ned terror. Finansiert og støtta av USA gjenokkuperer Israel dei palestinske områda. Det skjer systematisk tilfeldige overgrep  ved dei såkalla sjekkpunkta.

Abla Masjoureh, kvinnekoordinatoren i den palestinske fagrørsla utalte for ei tid tilbake:

Israelarane freister stanse gongen i våre daglege liv, men ikkje berre det, også vår tankegong. Det er umogleg å legge planar for morgondagen, vi veit aldri om vi kjem gjennom sjekkpunkta.

Dette er kvardagen for tusenvis av palestinarar i tillegg til krig og okkupasjon.

Her i Noreg har redselen for å utvikle antisemmitisme vore sterkt framme, men å kritisere det politiske leiarskapet hos eit folk er ikkje å ville fjerne folket.

Vi må slå fast at i konflikten mellom Israelarane og Palestinarane er det ikkje snakk om ein konflikt mellom to partar, men ei konflikt mellom ein okkupant og ein som vert okkupert.

Det er ikkje ein kamp mellom religionar eller kulturar, det er først og fremst ein kamp om jord og rett til å bu. I denne kampen brukar staten Israel sine overlegne militære ressursar til å gradvis å tilrane seg Palestina sitt land og vatn.

I tillegg viser Israel ein total forakt for verdssamfunnet, dei har ikkje respekt for FN og dei aksepterer ikkje å sleppe granskingskommisjon inn i Jenin. Verda kan ikkje akseptere at sanninga ikkje kjem fram, det israelske og palestinske folk må få vite sanninga om Jenin.

Noreg må presse på for å få USA til å sette makt bak kravet om at Isael skal trekke seg ut av dei okkuperte områda, og vi må arbeide for at det kjem internasjonale obervatørar inn for å overvåke situasjonen.

Vi kan ikkje akseptere at Israel held Arafat innesperra. Siste melding i går på nyheitene, skyting mot Arafat sitt hovudkvarter, Arafat skal vere uskadd, han har det berre bra seier talsmann palestinarane.

Dette skjer samstundes som USA og Israel ber Arafat vise mot og handlekraft til å stoppe sjølvmordsbombarane.

Palestinarane er eit undertrykt folk. Vi skal i dag vise dei vår solidaritet og støtte ved å gi pengar til Norsk Folkehjelp sin innsamlingsaksjon, i dagane framover og til Israel har trekt seg ut skal vi kreve merking av israelske varer slik at vi kan boikotte alle varene,  det er nemleg meir enn stangselleri og avocado som kjem frå Israel. 

 

Her heime er vi midt oppe i lønsoppgjeret.

Våre kameratar i Hotell og Restaurantarbeidarforbundet er i streik, dei har vore det i over  to veker.

Kampen deira er også vår kamp, dei kjempar for høgare ulempetillegg på kveldar, natta og i helgene og dei kjempar ein kamp for talet på timar som det skal betalast for.

Arbeidsgjevarorganisasjonane både i privat og offentleg sektor har lenge hatt ein klar strategi for det som så besnærande vert kalla eit meir fleksibelt arbeidsliv.

Første kravet  i denne fleksibiliteten er at vi skal akseptere at normalarbeidsdagen ikkje finns.

Du skal vere tilgjengeleg for arbeidsgjevar døgnet rundt og det skal ikkje koste arbeidsgjevar noko eller så lite som mogleg om du må vere borte frå familien eller jobbe på tider der dei fleste av oss har fri.

Dei streikande i hotell og restaurant er lågtlønte, mange kvinner og innvandrarar, det er ikkje tilfeldig at arbeidsgjevarane slår til her.

I slike kampar må heile fagrørsla stå saman vi aksepterer ikkje svekking av faglege rettar, vi må stå saman mot offensiven til arbeidsgjevarane om at meir og meir av lønsfastsettinga skal foregå lokalt.

I forhandlingane mellom LO stat og Staten vart det semje i natt. Det vart ei forhandlingsløysing. Men eg kan ikkje seie at eg er så godt nøgd, det generelle tillegget har ikkje ein profil som er i tråd med LO sitt representantskapsvedtak, ramma er og for låg til å ta igjen mindrelønsutviklinga mellom offentleg og privat sektor. Forbetringane i avtaleverket er og vanskelege å få auge på. Men tilbodet var for godt til å greie å mobilisere til kamp mot det, og når vi hadde slått tilbake Staten sin angrep på normalarbeidsdagen og andre bestemmelsar i avtaleverket, vart det nesten som ein siger.

Forhandlingane med Kommunenes sentralforbund vart brote av UHO og Lok i natt.

KS som er politisk leia av eit fleirtal av AP, SV og SP tilbaud oss eit minstelønssystem der berre minsteløna skal fastsettast sentralt så skal resten forhandlast lokalt i ein marknad.

Gjennom dette tilbodet er også KS med på og undergrave tariffavtalen si betydning og virkeområde. KS syner meir omtanke for akademikarane som er ei lite gruppe i kommunesektoren enn for dei store kvinnegruppene som knapt har ei løn å leve av og utdanningsgruppene som ikkje får uttelling for kompetansen sin.

Korleis tenkjer KS at dei store gruppene lågtlønte kvinner og utdanningsgruppene som ikkje har høg marknadsverdi skal få ei løn å leve av?

Korleis tenkjer KS at likelønsproblemet skal løysast, det er uakseptabelt at kvinnene i kommunesektoren tener 80 % av det menn tener.

Kommunenoreg er landet sin største kvinnearbeidsplass, men også landet sin største lågtlønsarbeidsplass.

Dette er ei skam.

Og KS burde vere med på og løyse dette ikkje gi oss tilbod om eit system som fører til enno større skilnader.

I årets oppgjer kunne KS hatt muligheit til å heve lønsnivået  i kommunenoreg, ved å gå saman med arbeidstakarorganisasjonane for å skaffe meir pengar til kommunesektoren. I LO sitt representantskap var det nemleg brei semje om at etterslepet skal hentast inn igjen.

I både kommune og stat opplevde vi åtak på normalarbeidsdagen heilt parallelt med privat sektor.

Arbeidsgjevarane er på offensiven og det er på ideologisk grunnlag, det er ein del av marknadsliberalismen som grip om seg. Ei marknadsliberalisme der pengar og ikkje mennesket vert sett i høgsetet.

Det er ikkje berre arbeidsgjevarane som ute etter å ta frå oss opparbeida rettar, også Bondevik II er ute etter å endre reglane for overtidsbestemmelsar og endring av stillingsvernet i arbeidsmiljølova.

Fagrørsla må stå samla og forsvare arbeidsmiljølova, vi vil ha eit sterkare vern, ikkje eit svakare.

Fagrørsla må også stå samla og vi må legge strategiar for korleis vi skal møte arbeidsgjevarane sin offensive kamp, eg trur det framover kjem til å verte meir synleggjort motsetning mellom arbeid og kapital. Vi må lage ein motoffensiv og vi må sette grenser for kva vi kan akseptere.

Arbeidsgjevarane er på offensiven, dei vel seg ut dei  trur er svakast og set inn støtet der, difor er det gledeleg at så mange forbund innanfor privat og offentleg sektor har gitt solidarisk støtte både i form av pengar og moral til våre streikande kameratar.

Service sektoren er ein av LO sine satsingsområder, dette er eit tøyleslaust vekstområda som vil krevja heile LO si kraft om dei tilsette der skal få ei løn og leve av og eit arbeidsliv å leve i.

Vi må sørge for at hotell og restaurantarbeidarane vinn streiken, vi toler ikkje eit nederlag. Vi aksepterer berre ein siger og vi skal i felleskap sørge for at dei streikande sigrar. 

 

Det forrige  århundre vart kalla arbeidarrørsla sitt århundre. I dette århundre vaks arbeidarrørsla fram, organiserte seg og klarte til ein viss grad å tøyle kapitalkreftene.

Arbeidarrørsla tilkjempa seg ein sentral plass i samfunnsutviklinga, vi fekk makt til å omfordele samfunnet sine verdiar, til å styrke dei faglege rettane og bygge opp sosiale og velferdsmessige ordningar. Arbeidarrørsla skapte eit betre samfunn å leve i for det store fleirtalet av befolkinga. Alt dette vart gjennomført fordi arbeidarrørsla i sitt grunnlag var ei samfunnsendrande kraft. Vi skulle skape ei verd i vårt bilete.

Svært mykje er oppnådd. Noreg er eit av dei rikaste land i verda, og vi har eit velferdsnivå som dei fleste misunner oss. Noreg eit av dei samfunn i verda der skilnadene er minst, det er vi stolte av, men vi kan ikkje slå oss til ro med det.

For utviklinga går i gal retning, dei rike vert rikare samstundes som det er mange som slit hardt med å få endane til å møtast.

Hovudparola i dag er bekjemp fattigdomen, vis solidaritet. 

Det er ei skam at vi i alle fall har 20 000 born som lever i fattigdom, born som ikkje får vere med i det sosiale liv, born som skjuler foreldra sin fattigdom.

Det er ei skam at trygdeytingane er så låge at  45 000 som har trygd som hovudinntektkilde må gå på sosialkontoret for å få endane til å møtast.

Da nyttar med ikkje med skreddarsydde tiltak som sosialministeren vil ha, det er berre ein ting som trengs til desse det er høgare trygdeytingar.

Det er på tide at Stortinget realiserar OT prp frå 1948 om at trygdene skulle vere så høge at ein ikkje trong supplerande sosialhjelp.

I valkampen sist haust var dei fattige sett på dagsorden, det var nesten overbod på kven som var flinkast til å satse på dei fattige for å hjelpe dei.

Har det skjedd mykje?

Etter FO sitt syn alt for lite, det har vore mykje prat, og vi har fått omfattande diskusjonar om definisjonen på fattigdom. Det er klart at eit rikt land som Noreg treng ein definisjon på fattigdom, men definisjonar gir ikkje brød.

FO utfordra difor politikarane på fem tiltak;

  • Minstetrygda opp på 125 000,-

  • Alle eigendelar inn i frikortordninga

  • Reell barnetrygd til alle

  • Gratis barnehage ved inntekt under 225 000

  • Styrk fattig Noreg sitt støtteapparat

Etter vårt syn er dette strakstiltak som ein burde kunne sette i verk raskt og som ville få positive konsekvensar  for mange fattigfolk og gi dei eit betre og verdigare liv. Vi appellerte tikl politikarane om å ta ansvar, vise rettferd og opptre anstendig.

Men kva svar fekk vi, jo vi fekk støtte frå SV og SP, men frå AP og regjeringspartia fekk vi tilbod om dialog. Det er klart at FO som har kompetente fagfolk som veit mykje om dei fattige sin situasjon i Noreg skal gå i dialog med politikarane, men vår dialog gir ikkje pengar til fattigfolk. Pengane må løyvast av politikarane og løyvast på ein slik måte at folk kan stå oppreist og ta imot dei.

Vi fekk førespurnad om vi definerte folk som hadde under 225 000,- som fattige. Dette var ein diskusjon eg ikkje ville gå inn i, når folk ikkje får endane til å møtast med full tids arbeid og så full løn, er det ikkje tid for finurlege diskusjonar, det er bitre realitetar.

Kravet om ei løn å leve av og ei arbeidstid å leve med får fornya styrke.

 

Kameratar vi har mange kampar framfor oss

For eit par dagar sidan vart eg oppringt av TA og spurt om det var vits i å gå i tog, sjølvsagt  sa eg ja, eg tykkjer til og med det er kjekt  å gå i tog.

I Dagsrevyen i går vart vi presentert for nokre arbeidstakarar som ikkje hadde gått i tog før, nemleg  Braathens tilsette som etter dei vart oppkjøpt av SAS, har fått rasert arbeidsplassane sine.

Ja, det er grunn til å gå i tog, og vi har mange kampar å kjempe både nasjonalt og internasjonalt. Vi skal sameine kreftene og mobilisere motkrefter så vi igjen kan tøyle kapitalkreftene.

Historia har vist oss at organiserte krefter kan påvirke utviklinga. Fagrørsla er godt organisert, vi skal ta makta tilbake og vinne kampen slik at folket vinn sin rett over kapitalen og kapitalkreftene.

 

LO Notodden
Kontor: LO-senteret, Torvet 4, 3674 Notodden.
Tlf: 350 29 050 Fax: 350 29 081
Postadresse: Boks 31, 3671 Notodden.
 E-post
Leder: Johnny Pettersen, mobil 932 17 385
Webansvarlig: Egil Kristiansen